Mexicansk musikk

Mexicansk musikk er særs mangfaldig og omfattar ei rekkje sjangrar og stilar. Musikken er påverka av forskjellige kulturar, men mest merkbart er kulturen til mexicanske urfolk og Europa.

Mange tradisjonelle mexicanske songar er kjende verda over, som den første internasjonale hitten til María Grever, «Júrame» og songen hennar «Te quiero dijiste», skriven for ein Esther Williams-film frå 1944, «La Noche de los Mayas», Huapango de Moncayo, «Sinfonía India», «Sobre las olas», «La sandunga», «Cielito lindo», «Bésame mucho», «Perfidia», «Solamente una vez» (engelsk versjon kalla «You Belong to My Heart»), «Esta tarde vi llover» (engelsk versjon kalla «Yesterday I Heard the Rain»), «Somos Novios» (engelsk versjon «It's Impossible»), «¡Ay, Jalisco, no te rajes!» og «Jesusita en Chihuahua»,

Andre kjende songar er «México lindo y querido», «Jarabe tapatío», «La Bamba» og «La Cucaracha».


Developed by StudentB